Oppdragsgjevaren har trong for utskifting av eksisterande SD-anlegg (inkludert alle undersentralar og toppsystem) ved Tednebakkane omsorgssenter. Anlegget som skal skiftast ut er eit Johnson Controls anlegg frå ca. 2003. Tilbodet skal ikkje omfatte kjøp av nye følarar då desse har blitt bytta ut/oppgradert i nyare tid. Øygarden kommune forutset at dette kan integrerast i det nye systemet.
Kontrakten skal omfatta:
-Nytt SD-anlegg, komplett levert og installert, inkludert men ikkje avgrensa til utskifting av undersentralar, hovudserver, programmering, demontering/montering av utstyr, gjenbruk/levering nytt periferiutstyr, ombygging av tavler, merking, dokumentasjon (elektronisk og papir), opplæring og eventuelt anna nødvendig for at løysningsforslaget skal fungere optimalt..
-Evt. naudsynte tilhøyrande arbeid
-Service og vedlikehald i garantiperioden (5 år) - fakturert separat
-Opplæring av systemoperatørar