Dette er eit forprosjekt der ein skal planlegge og prosjektere nytt symjeanlegg ved Førdehuset. Prosjektet følgjer kommunen si prosjekthandbok fase 1-3 (avklare behov, konseptutvikling og -bearbeiding samt detaljprosjektering) og vil danne grunnlag for vidarføring i fase 4 og 5 (utføring og overlevering)
Med grunnlag i forprosjektet skal det utarbeidast prosjekteringsgrunnlag og tilbodsdokument for gjennomføring av nemnde tiltak som totalentrepriser, fase 4 og 5.
Det er lagt lagt til grunn eit bassenganlegg med eit nytt konkurransebasseng på 25 x 15,5 meter med 6 baner. Det kan vere aktuelt med 8 baner i staden for 6 om dette er ei arealmessig, arkitektonisk og økonomisk framtidsretta og akseptabel løysing. Det skal difor vurderast konsept med både 6 og 8 baner.
Vidare skal dagens bassenganlegg rehabiliterast med eitt mål om ytterlegare 40 års levetid/brukstid samtidig som ein sikrar universell tilrettelegging i desse areala.
Kontraktstildeling