Closing date has passed.
Fjell kommune byr med dette inn til å gje tilbod på plankonsulentteneste i samband med områderegulering av Bildøy, område SE2. Vi søkjer team/firma med tverrfagleg kompetanse innan arkitektur, landskapsarkitektur, natur- og kulturvitskap, samfunnsplanlegging, byplanlegging og transportfag med berekraftsløysingar. Tilbydarane bør ha brei erfaring frå byutviklingsoppgåver og evne å utvikla kreative og berekraftige heilskapsløysningar for området.
Det overordna målet for prosjektet er å skapa eit sjøvendt byområde med levande bumiljø, arbeidsplassar, kulturtilbod, servicefunksjonar og grøne kvalitetar.