Det vert med dette gjennomført ein dialog med marknaden i forkant av ein anskaffingsprosess som skal etablere avtale om leveranse av elektronisk pasientjournal til tannhelse i Vestland fylkeskommune.
Målet med marknadsdialogen er å få kartlagt om det finns fleire leverandørar som kan dekke Vestland fylkeskommune sitt behov.
Vestland fylkeskommune ynskjer eit system for elektronisk pasientjournal som har breidde og djupn nok til å dekke behovet i tenesta. Sjå vedlagde dokument for meir informasjon om kva omfang Vestland fylkeskommune har innanfor tannhelse, kva tannbehandlingar og spesialistbehandlingar som vert gitt og kva krav som vert stilt til elektronisk pasientjournal. Denne kravspesifikasjonen kan bli endra i løpet av anskaffelsesprosessen, fram til utlysing av konkurransen.
Sjå vedlagde dokument