Short description
Søre Sunnmøre IKT er eit interkommunalt samarbeid med utgangspunkt i § 27 i kommunelova. Det er sju kommunar i samarbeidet: Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta. På vegne av kommunane i samarbeidet, skal SSIKT anskaffe nytt Oppvekstadministrasjonssystem (OAS). Anskaffinga skal sikre eit framtidsretta OAS for barnehage, skule og SFO for kommunane i samarbeidet, samt i størst mogleg grad bidra til å lette kvardagen for tilsette i barnehage, skule og SFO, foreldre, elevar og administrasjon.