Noregs Handelshøgskole skal inngå rammeavtale med éin leverandør for levering av cateringtenester i Drammensveien 44. NHH ynskjer å knyta til seg ein fleksibel, profesjonell og kvalitetsmedviten leverandør. Avtalen omfattar primært dagpakkar i samband med NHH Executive sine aktivitetar i Oslo, men skal òg serva anna behov for servering i lokalet, til dømes enklare servering i samband med kveldsarrangement. Maten som skal serverast må ha høg kvalitet og stå i stil med merkevara NHH.