Closing date has passed.
Denne konkurransen er avgrensa til alarmhandteringssystem for Øysteseheimen, men Kvam herad vil på eit seinare tilspunkt gå ut med eit ny, utvida konkurranse innan velferdsteknologi. Føremålet på lang sikt, og i denne konkurransen er å få eit moderne, skalerbart, regelbasert alarmhandteringssystem som skal vera ein plattform som samlar all alarmhandtering for sjukeheimar, omsorgsbustader, trygdebustader, PU-bustader (psykisk utviklingshemma) og heimehelsetenesta i kommunen. Dei tilsette skal forhalda seg til eit grensesnitt som gir dei tilgang på all den informasjon, oppgåver og tilgangar som dei treng for å gjennomføra sitt arbeid med minst mogleg tidsbruk på administrative oppgåver og mest mogleg tid på pleie.