Etablerarkurs i Akershus - enkeltplassar arbeidsmarknadsopplæring (AMO)

Information

Wettbewerblicher Dialog
27.07.2016 14:46 (GMT+02:00)

Buyer

NAV Tiltak Akershus NAV Tiltak Akershus
Line Johanna Hanøy Line Johanna Hanøy
C.J. Hambros plass 2D (2. etasje)
0129 Postboks 6603 St. Olavs plass, Oslo
Norwegen
974652250

Assignment text

Målsetjing

Kurset skal bidra til etablering av eiga verksemd og betre moglegheita for arbeid for menneske som er arbeidsledige eller som er i ein usikker sysselsetjingssituasjon.

Målgruppe

Målgruppa for kurset er menneske som er tilmeldt NAV som ønskjer å starte eiga bedrift og som treng fagleg rettleiing.

Gjennomføringsstad

Tiltaket gjeld for NAV sine brukarar i Akershus. Gjennomføringsstaden skal liggje sentralt i Oslo eller Akershus, og lokala må vere i nærleiken av offentleg kommunikasjon med gangavstand til tog og/eller bussterminal/busstopp.

Varigheit

NAV Tiltak Akershus føreslår ein varigheit på totalt fem veker, sjå fordelinga på modul 1 og modul 2 under fagleg innhald.

Fagleg innhald

NAV ønskjer ei opplæring i to modular. Leverandør må skildre og grunngi det faglege innhaldet under kvar modul i tilbodet.

1.Modul 1 – Bedriftsetablering

Leverandør skal tilby opplæring/rettleiing innan følgjande fagområde:

•Kva som skal til/ kva det inneber å starte for seg sjølv

•Realitetsorientering

•Forretningskonsept/ Forretningsplan

•Marknads- og kundebehov

•Nettverksbygging

•Offentlege ordningar

•Innføring i regelverk knytt til etablering

•Sal og marknadsføring

•Budsjett/ økonomi

•Oppfølging av deltakar

Modul 1 blir lagt opp til eit individuelt laup med 2 vekers kursperiode per deltakar à 30 opplæringstimar per veke.

2.Modul 2 – Oppstart av bedrift

Leverandør skal tilby opplæring/rettleiing innan følgjande fagområde:

•Utarbeiding av forretningsplan

•Næringsfagleg vurdering

•Val av selskapsform

•Individuell juridisk rettleiing

•Digital kommunikasjon

•Sal og marknadsføring

•Kontakt med næringsmiljø og bistand når det gjeld formidling til nettverk

•Oppfølging av deltakar

Modul 2 blir lagt opp til eit individuelt laup med 3 vekers kursperiode per deltakar. Det er ein føresetnad at deltakar gjer ein stor eigeninnsats i denne perioden, men at leverandør gir oppfølgjing etter behov.

Leverandør skal gi ei næringsfagleg vurdering av deltakar sin forretningsidé.

Organisering

Leverandøren har ansvar for gjennomføring av undervisning knytt til dei ulike modulane. NAV vil ved behov tinga kursplassar gjennom denne rammeavtalen, og det blir lagt opp til at deltakarar blir meldt på fortlaupande.

Kurset må bli tilrettelagt kvar enkelt deltakar i samarbeid med NAV.

Pedagogisk tilrettelegging

Leverandør blir beden om å presentere føremålstenlege pedagogiske metodar for undervisninga i løysningsskildringa. Metodane som er valt må bli skildra og grunngitt.

Instruktørar

Instruktørane skal ha kompetanse til å ivareta kurset sine målsetjingar og undervise innanfor alle kurset sine modular. Instruktørane sine faglege kvalifikasjonar og praktisk-pedagogiske kompetanse skal nemnast og skildrast i tilbodet. Det skal leggjast ved CV.

Kapasitet

Leverandør må gjere greie for kapasiteten dei har når det gjeld bestillingar.

Opplæringslokal

Det må bli oppgitt ei konkret adresse. Lokala må vidare vere tilpassa for menneske med nedsett funksjonsemne.

Tilrettelegging når det gjeld dysleksi og lese- og skrivevanskar

Tiltaket skal vere tilrettelagt for deltakarar med problem relatert til dysleksi eller lese- og skrivevanskar.

Rapportering

Leverandøren skal lage ein kort rapport for kvar deltakar når vedkomande deltakar avsluttar kurset.

Konseptutvikling

Tiltaket skal kontinuerleg evaluerast av NAV. Kursarrangør skal sende ein konseptrapport til NAV Tiltak Akershus kvart halvår.



Kontraktstildeling
Tittel: Etablerarkurs i Akershus - Enkeltplassar arbeidsmarknadsopplæring (AMO)
Dato for kontraktstildeling: 21-04-2015
Antall mottatte tilbud: 4
Kontaktpunkt for leverandøren som har blitt tildelt kontrakten:
Invito Inspire AS978611915, Trondheimsveien 135 (3. etasje), 0570 Oslo, NO, Telefon: +47 23058700.

Mercell Germany

Part of the Mercell Group, one of Europe’s leading providers of e tender systems and information between buyers and suppliers in the professional market.

Contact us

Write to us

+47 21 01 88 60
Mercell Germany | Askekroken 11, 0277 OSLO, Norwegen