Aqua Nor vert arrangert i Trondheim annakvart år og er i dag verdas største messe for akvakultur-teknologi. I 2017 vert Aqua Nor arrangert 15.-18. august. Dei fire Vestlandsfylka (Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal) har i fleire år lagt til rette for ein fellesstand for Vestlandet, og vil gjere dette i 2017 og.
Det er bestemt å leige inn ein ekstern prosjektleiar for Vestlandsstanden på Aqua Nor i 2017. I den samanheng ønskjer vi å inngå kontrakt om levering av prosjektarrangørtenester med ansvar for planlegging, koordinering, profilering, montering, gjennomføring og demontering av Vestlandet sin fellestand under Aqua Nor i 2017. Kontrakten inneheld og opsjon på slike tenester i samband med ein eventuell stand på Aqua Nor 2019.
For oppdraget skal det bli inngått kontrakt med ein leverandør. Hordaland fylkeskommune vil vere kontraktspart på vegne av Vestlandsfylka.
Komplette konkurransedokument finst på: https://anskaffingar.hfk.no/Avantra/Customer/Hordaland/Modules/Purchase/Published/