Austrheim kommune og Radøy kommune har beslutta å gjennomføra felles anbodsprosess for vidare utbygging av breiband i kommunane.
Kommunane skal i 2016 gjennomføra anbodskonkurranse på breibandsutbygging med hastighet minimum 30 Mbit/s og med følgjande mål:
”Å sikre at flest mogeleg som bur eller driv næringsverksemd i kommunane skal få høve til å knytte seg til breibandsnett, der slike løysingar i dag ikkje er tilgjengelege.»
Kommunane ynskjer framtidsretta løysingar som er førebudd på nye tenester og teknologiar, og ynskjer leverandørar som aktivt bidreg til å realisere dette konkrete prosjektet og hovudmålsettinga.
Fullstendige opplysningar om krav til leveransane er å finna i konkurransegrunnlaget.
Kontraktstildeling
Tittel: Utbygging breiband i Austrheim kommune og Radøy kommune 2016
Dato for kontraktstildeling: 21-04-2016
Antall mottatte tilbud: 3
Kontaktpunkt for leverandøren som har blitt tildelt kontrakten:
TELENOR NORGE ASNO976967631MVA, SNARØYVEIEN 30 , N-1331 FORNEBU, NO, Telefon: +47 90739652, Faks: +47 67891744.