Gjennom denne anskaffelsen ynskjer Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS å få på
plass ein ny avtale for transport og sluttbehandling av restavfall. Gjeldande
avtale vert avslutta 30.11.2016, og ein ynskjer difor tilbod for å etablere ein ny
avtale med start 01.12.2016. Hentestad for avfall etter denne avtalen er på Volda
og Ørsta Reinhaldsverk IKS sitt anlegg med adresse Torvmyrane 29, 6160
Hovdebygda. Avtalen vil gjelde for eit år, med opsjon på lenging 1+1+1 år. Ein
vel å sette avtaleperiode såpass kort, då selskapet er i gang med ein rekke
endringar som vil innverke på volum og kvalitet på avfallet.