Føremålet med anskaffinga er å gjennomføre problemkartlegging og tiltaksanalyse av tilførsler frå landbruk og avløp frå spreidde bustadar til utvalde vassdrag i Nordfjord vassområde. Kartlegginga skal gjennomførast i 2014 med rapportering innan 31. oktober. Undersøkingane skal utførast i medhald av vassforskrifta med rettleiarar (mellom anna klassifiseringsveileder og overvåkingsveileder).
Det er utarbeidd tiltaksanalyse for Vassområde Nordfjord (http://www.vannportalen.no/hoved.aspx?m=47223&amid=3645274). Graden av påverknad frå jordbruk og spreidde avløp er for ein stor del ukjent grunna manglande datagrunnlag og tilførselsanalyse. Som tiltak er det difor føreslått problemkartlegging i fleire ferskvassførekomstar. Vassområdeutvalet har avsett midlar til å starte opp problemkartlegging i 2014.
I oppdraget inngår klassifisering av økologisk tilstand, karakterisering av risiko og grad av forskjellige påverknader, samt framlegg til tiltak for å stette krava etter vassforskrifta. Tilbodet skal skildre framgangsmåten for å løyse desse oppgåvene. Kvalifiserte tilbydarar vil få høve til justere sine tilbod ved forhandling