Kvinnherad kommune skal bygge nytt vassbehandlingsanlegg for Ølve og Hatlestrand vassverk, lokalisert på Ølve vest for Hardangerfjorden. Samstundes skal det etablerast ny inntaksledning og pumpestasjon ved kjelde Håvikvatnet/Brothølen. Vegen opp til vassverksbygget skal kraftig utbetrast. Fleire entrepriser vil bli involvert i prosjektet.
Føreliggande konkurranse gjeld bygg- og anleggsentreprise som innheld desse arbeida:
- Bygningsmessige arbeider på nytt vassverksbygg (brutto areal 460 m2) samt eit lite pumpestyringshus.
- Grunnarbeider for overnevnte bygg.
- Nedsetting av inntakspumpestasjon i prefabrikkert kum med overbygg, levert av annan entreprenør.
- Inntaksledning i sjø.
- Ledningsanlegg i grøft ved vassverksbygget og i adkomstvegen samt noko ved inntakspumpestasjonen.
- Levering og montering av nedgravde tankar for spylevatn og spillvatn.
- Nytt/forbetra veganlegg frå Roalstveit til vassverksbygget (ca. 1 km).
- Riving av gamalt vassverksbygg etter at nytt anlegg er satt i drift.