Asbestsanering - Oppheim skule - 2 gongs kunngjering

Information

eForm N16CN Norwegian national Contract or concession notice
Open national
25.06.2024 09:13 (GMT+02:00)
22.08.2024 12:00 (GMT+02:00)
13.08.2024 12:00 (GMT+02:00)
No

Buyer

Voss Herad Voss Herad
Gry Loftesnes Gry Loftesnes
Uttrågata 9, Postboks 145
5701 Voss
Norwegen
960510542

Short description

Voss herad skal sanere den gamle skulen på Oppheim, i samband med ei planlagd rehabilitering av bygget. Bygget er frå 1972, då det var vanleg å nytte bygningsmateriale med asbest.

Det er gjennomført ei miljøkartlegging i bygget, og det er avdekka at store deler av dei innvendige bygningsdelane inneheld stoff som må handterast som farleg avfall ved riving.
Det er mellom anna asbest i innvendige veggplater, i rørisolasjon i teknikkrom og i eternitplater under fasadekledning. Sjå Bilag 2A Miljøkartleggingsrapport for oversikt over dei ulike funna i bygget.

Norconsult har på vegne av oppdragsgjevar utarbeida ein mengdebeskrivelse etter NS3420 (bilag 1A). I denne skildringa er rivingsarbeid og diverse prøvetakingar skilt ut som opsjon. Det er også behov for å gjere noko tilleggsarbeid og endringar, som oppdragsgjevar har skildra i eit eige tillegg, Bilag 1B.
Planlagt oppstart av arbeidet er 07.10.24, med ferdigstilling 30.11.24.
Som kontrakt for gjennomføring av arbeider etter denne anskaffinga nyttast NS 8405
Utførelsesentreprise, med dei endringar som kjem fram av kontraktsgrunnlaget.
Estimert kostnad for heile prosjektet er på 2,2-2,7 MNOK ekskl. mva.
Det har allereie vore avhalde synfaring i den avlyste konkurransen, sjå referat datert 22.05.24, slik at for denne konkurransen vert det berre avhalde synfaring på førespurnad. Dersom de ønsker synfaring, må de ta kontakt innan tysdag 06.08.24. Dersom det vert synfaring, vert den halde torsdag 08.08.24 kl. 12.  

Mercell Germany

Part of the Mercell Group, one of Europe’s leading providers of e tender systems and information between buyers and suppliers in the professional market.

Contact us

Write to us

+47 21 01 88 60
Mercell Germany | Askekroken 11, 0277 OSLO, Norwegen