Short description
Kvam herad er oppdragsgjevar for denne konkurransen og ber om tilbod på fagsystem som skal nyttast i samband med drift av feie- og tilsynstenesta i heradet.
Kvam herad skal i løpet av 2023 gå i gang med kommunal drift av feie- og tilsynstenesta i heradet. Kvam herad skal gjennomføre ca. 1600 feieoppdrag og 1400 tilsyn i året. I det høvet skal Kvam herad kjøpe inn fagsystem som er tilpassa drifta av feie- og tilsynstenesta. Fagsystemet skal effektivisere, dokumentere og planlegge arbeidet som vert utført av brannførebyggarane, og vera ein kommunikasjonskanal ut til innbyggjarane i heradet som mottar tenesta. Fagsystemet skal sikra at heradet tilbyr ei teneste til innbyggjarane som stettar krava i lover og forskrifter.