Short description
Alle anlegg og installasjonar skal tilfredsstille krav i TEK17.
Det skal medtakast komplett detaljprosjektering av alle VVS-fag.
Utførande/prosjekterande på sprinkler er fastsett, og sprinkler er difor ikkje ein del av denne beskrivelsen.
Automasjon/SD vert utført via gjeldande rammeavtale og vert ikkje ein del av denne entreprisen. Entreprenør skal levere nødvendig dokumentasjon til Automasjon/SD-leverandør.
Varme og luftbehandlingsanlegga skal overleverast ferdig innregulert med innreguleringsprotokoll.
Som bygd- teikningar og all anna FDV dokumentasjon skal leverast i IK-bygg, sjå vedlegg som viser korleis, samt dokumentasjon som pdf, dwg og originalformat. Eitt sett på papir som skal liggja i bygget inkl. innreguleringsprotokoll skal leverast som del av FDV plassert som nemnt i dette avsnittet.
Alle grensesnitt mellom entreprenørar skal dekkast, og igangkøyring/innregulering skal samordnast mellom entreprenørar.