Sunnhordland Interkommunale Innkjøpsforum ynskjer å inngå avtale på sal- og skjenkekontroll, samt kontroll etter tobakkslova, på vegne av Stord, Bømlo, Kvinnherad, Tysnes og Fitjar kommune. Innkjøpsprosedyren er ein open anbodskonkurranse med tilvising til Lov om offentlige anskaffelser (LOA) og Forskrift om offentlige anskaffelser (FOA). Oppdragsgjevar har som intensjon å inngå ein avtale som samtlege av kommunane skal nytte seg av. Kvar kommune er ein eigen juridisk eining, og endelig avtale skal difor underskrivast av ansvarleg person i kvar enkelt kommune. Rammeavtalane som etablerast gjennom denne anbodskonkurransen kan nyttast av alle avdelingar, etatar, kommunale føretak og alle heileigde kommunale selskap i dei ovannemnte kommunane.
Kontraktstildeling