Closing date has passed.
I Askvoll kommune er det om lag 80 km med kommunale vegar. Kommune ønskjer rammeavtale for vintervedlikehald av dei kommunale vegane, i hovudsak brøyting og strøing ved behov. Nærare skildring av beredskap og utføring er skildra i vedlegga til konkurransegrunnlaget. Kommunen holder brøyte og strøutstyr. Entreprenør må ha eigna traktor eller liknande. Tilpassing av brøyteutstyr til traktor må entreprenøren dekke. I tilbodet må entreprenør ta hensyn til lengde på aktuell rode kva utstyr og mannskap vedkomande disponerer slik at ein innfrir krava i konkurransegrunnlaget.