Tidsfristen er overskredet
Ulstein Eigendomsselskap KF gjennomfører med dette konkurranse for avtale på brøyting og vintervedlikehald til bygningane som eigedomsselskapet har ansvar for. Avtalane leggast ut som frivillig kunngjering på www.doffin.no, og det vert send ut direktemelding til eksisterande leverandørar og til leverandørar ein har funne gjennom m.a. gule sider.
Avtale om brøyting vil gjelde dei områda som er definerte i liste og vedlegg til konkurransegrunnlaget. Ein leverandør kan få avtale på eit eller fleire område. Avtale gjeld for 2 år med einsidig opsjon på ytterlegare 1+1 år, i alt inntil 4 år, altså ut vintersesongen 2021/22.