Tidsfristen er overskredet
Tenestekjøpet er fleksibelt, og vil bestå av fleire mindre oppdrag innanfor ei totalramme. Det vil vere oppdrag både i og rundt Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde, og i og rundt Ålfotbreen landskapsvernområde. Med andre ord kan det verte oppdrag i kommunane Gloppen, Bremanger, Flora, Naustdal, Førde og Jølster. Oppdraga vil verte bestilt ved behov gjennom perioden.