Fylkesdirektør for opplæring i Hordaland vil ha ein gjennomgang av fag- og yrkesopplæringa. Denne gjennomgangen skal vere knytt til kvaliteten på strukturen i fag- og yrkesopplæringa. Det må gjennomførast ei kartlegging med fokus på organisering, ansvarstilhøve, rolleforventningar og ressursfordeling. Spørsmål ein ønskjer å få innsyn i, er korleis organiseringa av fag- og yrkesopplæringa påverkar forholdet mellom trongen for arbeidskraft i arbeidslivet og kva høve ungdom har til å fullføre ei yrkesopplæring med fag- eller sveinebrev.
Dokumenta kan lastas ned frå Hordaland fylkeskommune si leverandørportal: https://anskaffingar.hfk.no/Avantra/Customer/Hordaland/Modules/Purchase/Published/