Tidsfristen er overskredet
Sportsgolvet i Radøyhallen skal skiftast anten ved påbygging punktelastisk sviktversjon eller kombielastisk sviktversjon:
Alternativ 1: Punktelastisk påbygging eksisterande punktelastisk Pulastic sportsgolv(Pulastic 9+2=11mm). Overflata på det gamle golvet skal slipast. På denne overflata monterast eit nytt 7+2mm som beskreve.
Alternativ 2: Kombielastisk sportsgolv skal monterast laust på eksisterande overflate med underkonstruksjon og toppkonstruksjon som beskreve, total 35 mm nominell. Eventuell tilleggspris for hallgolvets sider/dørsmyg/materialrom for å ivaretaka funksjonskrava til universell utforming.
Det må gjevast opp pris for eventuell utbetring ved sliping kuler og utsparkling(avregningspost).
Arbeida er tenkt utført i perioden skule/sommarferie med ferdigstilling august 2015. Tilbydar må opplysa om leveringstid. Tilbodet skal vera komplett inkl rigg og drift
det er ikkje lagt ved prisskjema og tilbydar må fifor i sitt tilbodsbrev prisa alle postar slik det kjem fram av tilbodsgrunnlaget. Det står Radøy kommune fritt til å velga det alternativ ein vil gå inn for. Med atterhald om endeleg politisk godkjenning.