Tidsfristen er overskredet
Hordaland fylkeskommune har som mål å inngå avtale om levering av reinhaldstenester til Årstad vidaregåande skule (omfattar også lokala til tidlegare Bjørgvin vidaregåande skule) og fylkesadministrasjonen i Bergen sentrum. For oppdraget skal det bli inngått rammeavtale med ein leverandør. Oppstart for levering av reinhaldstenester vil vere 1. mars 2015. Rammeavtalen si lengd vil vere 4 år.
Nærare skildring av leveransen følgjer av vedlegg A til kontrakt - Kravspesifikasjon.
Komplett konkurransegrunnlag finst på Hordaland fylkeskommune sin leverandørportal. Adresse til leverandørportalen er: https://anskaffingar.hfk.no/Avantra/Customer/Hordaland/Modules/Purchase