Eid kommune har planar om utbygging av eit friområde vest for Sjøgata i Nordfjordeid sentrum. Friområdet skal etablerast ved utfylling i sjøareal. Totalt utfylt areal vert ca. 12 da og det er reikna med eit fyllingsvolum på ca. 50 000 m3.
Friområdet skal innehalde sandstrand/badeplass, grillplass, sandvolleyballbane og opphaldsplassar.
Det er utarbeidt eit forprosjekt som er lagt som eige vedlegg.
For å få innspel frå aktuelle entreprenørar før tilbodsgrunnlag og detaljprosjektering vert utforma, vil kommunen invitere til ein open dialogkonferanse om prosjektet.
Tidspunkt for dialogkonferanse:19.12.2013 kl. 12.00
Stad:Eid Rådhus
I etterkant av konferansen ønskjer kommunen å møte interesserte entreprenørar i «ein-til-ein-dialogkonferanse». Påmelding til «ein-til-ein-konferanse» kan skje på den opne dialogkonferansen eller på førehand.