DFØ blei etablert 1. januar 2004 som eit forvaltingsorgan under Finansdepartementet. DFØ har som oppgåve å styrkje den statlege økonomistyringa og forbetre ressursutnyttinga på området.
DFØ er rådgivar for sentrale myndigheiter innanfor statleg økonomistyring og utfører forvaltingsoppgåver for alle statlege verksemder. I tillegg leverer DFØ økonomitenester, inkludert lønns- og rekneskapstenester, til om lag 75 prosent av dei statlege verksemdene.
DFØ har i dag om lag 370 tilsette fordelt på seks kontorstader og ei sentraleining i Oslo. Kontorstadene ligg i Hamar, Drammen, Kristiansand, Stavanger, Trondheim og Tromsø. I tillegg er det ei avdeling i Vadsø som er underlagd kontorstaden i Tromsø.
Anskaffinga skal dekkje DFØ sitt behov for kontormøblar ved alle kontorstadene i Noreg. Kontormøblar vil mellom anna seie bord og stolar, skuffeseksjonar, hyller og reolar, sofaer og skjermvegger til bruk på kontor og kontorlandskap, i møterom og i sosiale soner.
Alle kontorstader er i dag møblerte, og avrop på avtalen vil skje etter behov for utskifting og ved supplering av kontormøblar.
Rammeavtalen skal gjelde frå kontraktinngåinga og to år fram i tid, med høve for DFØ til å forlengje avtalen med eitt år om gongen på same vilkår. DFØ kan forlengje avtalen maksimalt to gonger.
Merk: For å melde din interesse i denne kunngjøringen og motta tilleggsinformasjon vennligst besøk Doffin nettsiden http://www.doffin.no/Search/Search_Switch.aspx?ID=308395.