Hordaland fylkeskommune skal inngå kontrakt om levering av matvarer til fylkeskommunen. Per dags dato er det om lag 30 skular som driv kantiner og/eller nyttar matvarer i undervisninga (Restaurant- og matfag osb.). Tal på skular og einingar som nyttar avtalen kan endrast gjennom avtaleperioden, og leverandør må kunne levere til alle vidaregåande skular i Hordaland fylke, samt andre einingar i fylkeskommunen.
Kunden har til saman eit årleg kjøp av matvarer på om lag 14 millionar kroner. Det vert understreka at oppgjeven verdi er basert på estimat frå statistikk og opplysningar frå Kunden sine noverande leverandørar og eigne økonomidata. Det vert teke atterhald om endringar i volum, mellom anna med bakgrunn i budsjettsituasjonar som påverkar Kunden sin aktivitet.
For oppdraget skal det bli inngått rammeavtale med opp til fire leverandørar. Rammeavtalen vil vare frå 1. oktober 2013 til 30. september 2015. Oppdragsgjevar skal ha opsjon på forlenging av rammeavtalen i ytterlegare 1 + 1 år, til saman maksimalt 4 år.
Det er høve til å gje tilbod på heile eller delar av oppdraget, det vil seie tilbod på desse delane (1 til 4):
1.Kjøtvarer
-Kjøt
-Fugl og fjærkre
-Vilt
2.Meieriprodukt
3.Sjømat
4.Resterande matvarer
-Frosne grønsaker og frukt
-Friske grønsaker og frukt
-Baker- og konditorvarer
-Fersk bakst og bake-off
-Mjøl- og mjølprodukt
-Kolonialvarer
-Iskrem
-Brus og mineralvatn
Merk: For å melde din interesse i denne kunngjøringen og motta tilleggsinformasjon vennligst besøk Doffin nettsiden http://www.doffin.no/Search/Search_Switch.aspx?ID=287503.