Kort beskrivelse
Kommunane Fjell, Sund og Øygarden blei slått saman pr. 1. januar 2020 til Øygarden kommune, og valde då KLP som leverandør av forsikra pensjonsløysing. Kommunestyret i Øygarden kommune har 17. juni 2021 vedteke at det skal gjennomførast nytt anbod på forsikra løysing hausten 2021.
Øygarden kommune har som intensjon å be både om eit tilbod basert på forvaltning i tilbydarens kollektivportefølje, og eit tilbod basert på forvaltning i ei portefølje med investeringsval.