Kort beskrivelse
Møre og Romsdal fylkeskommune er i 2021 tildelt ei ramme frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet på 13 639 017 kroner i tilskot til utbygging av breiband i område der det ikkje er planer om kommersiell utbygging. Det er kommunar som søker om tilskot til sine prioriterte område, og i dei områda som får tilskot skal utbygging lysast ut på ein anbodskonkurranse. Finansiering av utbygginga er eit spleiselag mellom statleg tilskot, ev. fylkeskommunale tilskot, bidrag frå kommune og lokalt næringsliv og eigenandel frå breibandsleverandøren som får utbyggingsoppdraget.