Føremålet med denne konkurransen er byggje breiband i område Baugstranda, Sniltstveitsøy og Skorpo. Baugstranda, som strekker seg frå Matre ferjekai til Åkra, er det ca. 90 bustadhus/husstandar, Snilstveitøy har 5 bustadhus/husstandar og Skorpo har 2 bustadhus/husstandar som bør få tilbod om breiband. I alle tre områda er det og ein del hytter/fritidsboligar. Det er stor interesse for å få breiband blant fastbuande. Leverandøren må gjennomføre utbygginga sjølv om ikkje alle potensielle kundar forpliktar seg til å abonnere på breibandtenesta. I dag er det tilbod om mobilt breiband. Det mobile breibandet er ustabilt, med svært lav dekning. Det har ikkje vore interesse for å byggje ut nytt breiband på reine kommersielle vilkår. Det er ikkje NGA-nett i området. Anskaffinga omfattar nødvendig stamlinje inn til området og spredenett ut til abonnentane.