Gjennom denne anskaffinga ynskjer Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS å få på plass ein rammeavtale for levering av avfallsposer for organisk avfall til bruk i heimane. Vidare ynskjer ein tilbod på korger som passar til dette. Levering må finne stad så tidleg som råd, då ein skal i gang med utdeling av slikt materiell allereie i oktober. For nærare skildring av planlagt volum, sjå Vedlegg 1.