Luster kommune, heretter oppdragsgjevar, skal starte utbygging av eit framtidsretta breibandnett på Veitastrond inkludert Kvam. Oppdragsgjevar vil gje eit vederlag for å få utbygd breiband i nemnde område. Tenesteytaren vil bera utgiftene ved å etablere og drifte tenesta. Inntektene sikrast gjennom kommersiell utnytting av tenesta, vanlegvis gjennom sluttbrukar sitt abonnement ved kjøp av tenesta.