Fv. 633 Tunnel Kleiva vil ha elektrotekniske installasjonar knytta til den ca 500 m lange Kleivatunnelen, samt nokre hundre meter med veglys. Anlegget utrustast som ein tunnel i klasse B etter Statens vegvesen si handbok N500. Installasjonane vil innbefatte:
-Vegbelysning
-Tunnelbelysning
-Tavler for normalstraum
-Tavler for naudstraum
-UPS-anlegg
-Radio (DAB) anlegg
- Naudstasjonar med naudtelefonar og brannslokkar
- Lysfølarar
- Anlegg for trafikkstyring (trafikklys)
- Styringsanlegg (PLS)
- Programmering av styringsanlegg og grensesnitt mot Vegtrafikksentralen vest
- Kabelanlegg for normalstraum
- Kabelanlegg for naudstraum
- Rømingslys
- Elektrisk ferist
Tekniske bygg, trekkerørsanlegg, kabelbruer og det av jordingssystemet som ligg i bakken skal utførast av annan entreprenør.
Tunnelen har kun ei køyrebane, men skal ha trafikk i båe retningar. Difor må tunnelen regulerast med trafikklys.