Hordaland fylkeskommune, HFK, ønskjer å anskaffe ny traktor til Stend Vidaregåande skule, Stend VGS. Traktoren skal brukast i undervisning ved skulen. Skulen har og ein traktor som skal bytast inn, som man ønskjer at leverandøren skal ta imot. I tillegg til kjøp av sjølve traktoren, må tilbydar og tilby ein serviceavtale. Dette vil vere ein opsjon som Oppdragsgjevar kan nytte dersom vilkår og pris er innanfor det som Hordaland fylkeskommune vurderer som forsvarleg. For oppdraget skal det bli inngått kontrakt med ein leverandør.