Høyanger kommune vil bygge ut og leggje til rette for at private og næringsverksemd på Sørebø og Østerbø på Høyanger sørside skal kunne knyte seg til mobildekning. Formålet med utlysinga er å inngå kontrakt om utbygging / utbetring av mobildekning for tale i det nemnde området(sjå vedlegg nr. 1 – kart).
Det skal ikkje vere binding til kjøp av innhaldstenester utover standard mobilabonnement.
Utbyggjar eig og er ansvarleg for drifta av infrastrukturen.