Teknologiavdelinga ved Årstad vgs ønskjer å gje elevane på Vg1 mogelegheit til å byggje eigne RC-bilar som ein del av undervisninga ved skulen. Det er viktig for oppdragsgjevar at
RC-bilane i størst mogeleg grad er ein replika av eit vanleg køyretøy, slik at elevane får ei best mogeleg innføring i den prinsipielle oppbygginga av ein bil.
Forventa avrop på avtalen er estimert til 130 byggjesett pr år. I tillegg skal det leverast 2 ferdigbygde modellar (demobilar).
Dokumenta kan lastast ned frå HFK sin leverandørportal:
https://anskaffingar.hfk.no/avantra/Customer/Hordaland/modules/Purchase/published/default.aspx?type=current