Os brann- og redningsvesen ber om tilbod på levering av 1 utrykkingsklar
brannlift med fast og laust utstyr. Utstyret skal festast inn i skapa etter nærare
avtale med oppdragsgjevar. Tilbodet må inkludera alt som er naudsynt for å
kunna få brannliften og tilhøyrande utstyr til å fungera operativt. Brannliften må
kunna leverast snarast råd og ikkje seinare enn 01.12.2015. Det er høve til å
levera inn tilbod på demokjørt brannlift dersom den på lik linje med nytt køyretøy
oppfyller krava i kravspesifikasjonen.