Årstad vidaregåande skule er inne i ein periode med høg byggeaktivitet, og ønskjer difor å inngå ein rammeavtale på vektertenester frå hausten 2014. Formålet med anskaffinga er å skjerme skulen, lærarar og elevar for uvedkomande personar på skulen sitt område. Skulen ønskjer å ha to vektarar til stades på dagtid mellom kl. 11.00 og 16.00 (15.00 på onsdagar) de dagar skulen har undervisning (190 dagar).
For oppdraget skal det bli inngått rammeavtale med ein leverandør. Rammeavtalen si lengd vil vere eitt år. Oppdragsgjevar skal ha opsjon på forlenging av rammeavtalen i ytterlegare 1 + 1 + 1 år, til saman maksimalt 4 år.
Komplett konkurransegrunnlag finst på Hordaland fylkeskommune sin leverandørportal. Adresse til leverandørportalen er: https://anskaffingar.hfk.no/Avantra/Customer/Hordaland/Modules/Purchase