Konkurranse med forhandling - anskaffing av rekrutteringssystem

Information

Negotiated procedure
10/22/2013 6:05 PM (GMT+02:00)
11/29/2013 2:00 PM (GMT+01:00)

Buyer

Direktoratet for økonomistyring Direktoratet for økonomistyring
Erik Tegnander Erik Tegnander
Postboks 7154, St. Olavs plass
0130 Oslo
Norway

Closing date has passed.

Short description

Senter for statleg økonomistyring blei etablert 1. januar 2004 som eit forvaltingsorgan under Finansdepartementet. Frå 14. november 2011 blei verksemda endra til eit direktorat, og ho heiter no Direktoratet for økonomistyring (DFØ).

DFØ har som oppgåve å styrkje den statlege økonomistyringa og forbetre ressursutnyttinga på området.

DFØ er rådgivar for sentrale myndigheiter innanfor statleg økonomistyring og utfører forvaltingsoppgåver for alle statlege verksemder. I tillegg leverer DFØ økonomitenester, inkludert lønns- og rekneskapstenester, til om lag 70 prosent av dei statlege verksemdene.

DFØ har i dag om lag 370 tilsette fordelt på seks kontorstader og éi sentraleining i Oslo. Det er om lag 120 tilsette ved sentraleininga i Oslo.

Meir informasjon finn du på www.dfo.no

DFØ inviterer til konkurranse med forhandling etter reglane i forskrift om offentlege anskaffingar del I og del II i samband med anskaffing av eit nytt rekrutteringssystem.

DFØ ønskjer å kjøpe eit elektronisk rekrutteringssystem for administrering og behandling av rekrutteringsprosessar. DFØ har ein visjon om «effektiv ressursbruk i staten», og det er derfor eit mål at den interne styringa i DFØ skal vere eit godt døme for andre verksemder. Denne visjonen er førande for anskaffing av IT-verktøy. Rekrutteringssystemet som denne anskaffinga gjeld, skal nyttast til rekrutteringar i DFØ. DFØ har i dag om lag 40 rekrutteringar i året.

Formålet med å skaffe seg eit nytt rekrutteringssystem er mellom anna å oppnå

•god arbeidsstøtte og flyt i rekrutteringsprosessen

•forskriftsmessig rett rekruttering (likt samanlikningsgrunnlag og søkjarlister)

•enkle og tilgjengelege søkjarlister

•forenkla samarbeid mellom leiarar og administrasjon

•god dokument- og informasjonsflyt undervegs i rekrutteringsprosessen

•at søkjarane skal oppfatte DFØ som ein profesjonell arbeidsgivar

•god oversikt over rekrutteringsbehovet og høve til å analysere søkjarane

•at DFØ kan gjere seg nytte av informasjonen søkjarane legg inn i søkjeprosessen

Det nye rekrutteringssystemet og arkivsystemet til DFØ (WebSak) er avhengige av kvarandre. Det er derfor viktig med høve til integrasjon mellom rekrutteringssystemet og arkivsystemet.

Merk: For å melde din interesse i denne kunngjøringen og motta tilleggsinformasjon vennligst besøk Doffin nettsiden http://www.doffin.no/Search/Search_Switch.aspx?ID=308737.

Files (click "Show interest" to get access)

Name Size
Konkurransegrunnlag.doc 139 KB
Oppsummering-tilleggsdokumenter-OCT205833.txt 1 KB
ssa-k-lille-01-07-2012_v2.doc 163 KB
ssa-v-lille-01-07-2012_v2.doc 145 KB
Vedlegg 1 - Kravspesifikasjon.docx 55 KB
Vedlegg 2 - Prisskjema.doc 25 KB

Mercell Holding AS

Part of the Mercell Group, one of Europe’s leading providers of e tender systems and information between buyers and suppliers in the professional market.

Contact us

Write to us

+47 21 01 88 00