Austevoll kommune ønskjer tilbod på konsulentbistand i samband med gjennomføring av eit 3-årig program for leiarskap og leiarutvikling.
Vedlagt følgjer prosjektplan/skisse for prosjektet ”Leiarskap for utvikling og innovasjon”. Prosjektplanen har også vore grunnlag for søknad om OU-midlar som ein har fått tilsegn om frå KS.
Kommunen vil i utgangspunktet styra prosessen sjølv med eigne ressursar. Men ein ønskjer undervegs også å kunne nytta seg av ekstern prosessrettleiar etter behov. Tilbodet kan omfatta heile eller delar av programmet, herunder prosessrettleiing og foredragshaldarar/kursleiarar innan dei ulike fagområda.
I vurderinga av tilboda vil kommunen leggja hovudvekt på dokumentert kompetanse innan organisasjons- og leiarutvikling, og tilgang til kompetanse innan dei ulike tema/arbeidsområde som er sett opp i prosjektplanen. Det vert og lagt vekt på referansar frå liknande prosjekt.
Vi ønskjer eit todelt pristilbod:
1.Timepris og alternativ fastpris på prosessrettleiing.
2.Timepris og alternativt dagspris/fast honorar for foredragshaldarar ved enkeltoppdrag på samlingane.
Kommunen tek atterhald og vil ha rett til å dela opp leveransen heilt eller delvis for å kunne sikra seg tilgang til best mogleg kompetanse, også gjennom direkte engasjement av foredragshaldarar eventuelt via andre leverandørar.
Tilbydarar må kunne leggja fram tilfredsstillande dokumentasjon m.o.t. HMS mm
Merk: For å melde din interesse i denne kunngjøringen og motta tilleggsinformasjon vennligst besøk Doffin nettsiden http://www.doffin.no/Search/Search_Switch.aspx?ID=308729.