Short description
Oppdragsgivar for anskaffinga er Kvam kyrkjelege fellesråd. Takkonstruksjonen på Strandebarm må rehabiliterast, i den samanheng skal skifertaket omleggast, tårnet skal ha ny koparhjelm, og det skal monterast nye takrenner og beslag. Strandebarm kyrkje ligg i Strandebarm ved Hardangerfjorden. Kyrkja vart tatt i bruk i 1876 og har vernestatus som listeført. Bygget er ei langkyrkje med nygotisk stilart. Kyrkja har eit opent kyrkjerom med med høgt tønnekvelv- himling i midtskipet. Sideskipa har flat himling. Kordelen er ein lågare polygonal del i austenden. Kyrkja har eigen tårnkonstruksjon med inngangsparti mot vest. Takkonstruksjonen består av sutaksbord med skifertekking utan lekting og fuktsikring. Skiferheller er av typen Hardangerskifer. Tårnet er tekka med koparplater, antatt frå byggjeår. Anbodssynfaring 15.11.24, kl.10:00, oppmøte i Strandebarm