Medisindispenserar og utstyr til digital heimeoppfølging

Information

Negotiated procedure without prior call for competition
8/7/2024 5:10 PM (GMT+02:00)

Buyer

Voss Herad (Voss kommune) Voss Herad (Voss kommune)
Ragnhild Igland Vadla
Uttrågata 9, Postboks 145
5701 Voss
Norway
960510542

Assignment text

Voss herad har intensjon om å inngå kontrakt med Dignio AS for medisindispenserar og utstyr til digital heimeoppfølging med tilhøyrande programvare. Kontrakten inkluderer vedlikehald og oppgradering av programvare og maskinvare med tilhøyrande service- og supportavtale. Oppdragsgjevar ynskjer eit og same administrasjonsgrensesnitt til medisindispenserar og utstyr til digital heimeoppfølging. Ved å berre ha eitt og same administrasjonsgrensesnitt til medisindispenserar og utstyr til digital heimeoppfølging vil ein redusere talet på integrasjonar og redusere administrasjonstida, som vil minske pasientrisikoen. Dette vil vere tidseffektivt i opplæringssamanheng og redusere administrasjonsarbeidet med å legge inn pasientar som nyttar både medisindispenserar og har utstyr til digital heimeoppfølging. Å sjå data frå digital heimeoppfølging og medisineringstøtte i samanheng vil gi eit betre heilskapsbilete av pasienten si helsetilstand og gi auka pasientsikkerheit. Estimert volum for 2024 er om lag 50 medisindispenserar med ei ramme på ca. 200 dispenserar totalt over 3 år. For digital heimeoppfølging estimerast det 100 pasientar i drift i 2025. Det presiserast at oppdragsgjevar berre forpliktar seg til å ta ut sine faktiske behov. Første leveranse skal vere i 2024. Oppdragsgjevar meiner at det berre eksisterer ein leverandør på marknaden som kan dekke oppdragsgjevar sitt behov og at det dermed føreligg heimel for å inngå avtale med Dignio AS, jfr. FOA § 13-4 b (2). Oppdragsgjevar meiner at ved å inngå avtale med Dignio AS vil det bli nytta ein integrasjon som allereie er kjent, noko som vil gjere opplæring enklare og redusere risikoen for feilmedisinering og avvik. Dersom oppdragsgjevar ikkje mottek innvendingar innan 19.08.2024, kl. 23:59, vil det bli inngått kontrakt med Dignio AS.

Mercell Holding AS

Part of the Mercell Group, one of Europe’s leading providers of e tender systems and information between buyers and suppliers in the professional market.

Contact us

Write to us

+47 21 01 88 00