SAK:
Oppgradering Osterøy ungdomsskule
VEDTAK:
Alle alternativ legg til grunn at symjehallen ikkje skal ligga ved ungdomsskulen
Moglegheitsstudien for skulen skal.
- ha eit 50-års perspektiv
- ha ein teknisk tilstandsrapport for dagens bygg (ekskludert symjebassenget)
- inkludera ein aula / sal
- ha følgjande alternativ:
1. Rehabilitere dagens skule, dvs behalde bygget som i dag, men reparere og oppgradere til dagens standard og krav (om mogleg)
2. Transformere dagens skule, der delar av dagens bygg vert gjenbrukt på ny måte, og bygget framstår som nytt. Delvis riving, delvis påbygging er aktuelt
3. Rive dagens bygningsmasse og bygge ny skule på same tomt
For kvart alternativ skal moglegheitsstudien ha enkle vurderingar av desse tema:
- byggetid
- kvalitet for brukarane (byggemateriale, universell utforming, brukaroppleving m.m.)
- miljø/energi
- kostnader (grovt estimat) og usikkerheit i kostnadene
Kommunedirektøren kan supplere med fleire tema.
Heradsstyret ynskjer å få utgreidd eit «Multifunksjonsbygg» som til dømes kan innehalde Symjeanlegg / Badeanlegg, Bibliotek, Legekontor, Fysioterapi, kulturhus / Aula, e-sportsenter, kommunale kontor med meir. Plassering av bygget kan kanskje være i området Hatland skulesenter/ idrettshallen. Ny symjehall må stå ferdig før OUS kan verte riven.
Finansiering av mogelegheitsstudien vert å dekke via disposisjonsfondet.
KILDE:
https://innsyn.sing.no/osteroy/innsyn/wfdocument.ashx?journalpostid=2020094932&dokid=410111&versjon=7&variant=A&