Short description
Suldal kommune er i ferd med å ferdigstille ny sjukeheim i Sand sentrum. Sjukeheimen skal ferdigstillast sommaren 2025. I høve innflytting har kommunen behov for å møblere sjukeheimen.
Nye Suldal sjukeheim er planlagt for 38 bebuarar og er plassert sentralt i Sand sentrum like ved Kommunehuset. Den vil vere utstyrt med eige storkjøkken, vaskeri og ei rekke opphaldsareal både innandørs og utandørs. Interiøret i den nye sjukeheimen skal tilfredsstille krav, vere brukarvennlege og vere med på å prege den nye og moderne sjukeheimen i mange år framover.