Voss herad har siktemål om å gjennomføre ein avgrensa tilbodskonkurranse for å drive turistkontor og nettsida
www.visitvoss.no på vegne av heradet. Kun tilbydarar som leverte inn dokumentasjon for prekvalifisering oghar kvalifisert seg til konkurransen er invitert til å levere tilbod.
Avtalen tar sikte på å vidareføre og vidareutvikle destinasjonsmarknadsføringa av Voss som reisemål samt vidareutvikle marknadsorienterte, dynamiske og konkurransedyktige informasjonskanalar som på like vilkår tek i vare interessene til kommersielle og ikkje-kommersielle tilbydarar og som samstundes er omfattande nok til å inngå som element i den generelle informasjonen til tilreisande.
Avtalen vil ha ein minimumslengde på 4 år samt opsjonar på 2 + 2 år.