Rammeavtalen gjeld bistand til prosjektadministrasjon knytt til prosessleiing, byggeleiing/ byggherreombod og SHA-leiing.
Prosjektleiar skal leie tildelte prosjekt og gjennomføre desse i høve til Øygarden kommune sitt investeringsreglement. Investeringsprosjekt gjennomført i Øygarden kommune, vert i all hovudsak organisert etter NS8406 og NS8407.
Byggjeleiar/byggherreombud skal være ansvarleg for den daglege drifta av tildelte byggje og anleggsplassar, og skal sikre at avtaler, kontraktar og rutinar vert følgt.
Leverandøren skal leie SHA arbeidet i prosjekta i høve til byggherreforskrifta.
Leverandøren vil være Øygarden kommune sin representant i sikkerheit, helse og arbeidsmiljøsaker, og ivareta Øygarden kommune sine interesser i dei planar og oppgåver som gjelder dei aktuelle prosjekta. Tilbydar må kunne ivareta rolla både i prosjektering og utførelsesfasen (KU, KP)