Kinn kommune vil med denne anskaffinga inngå avtale på kjøp av pyrolyseanlegg til produksjon av biokull. Anlegget skal ha kontinuerleg inn- og utmating, varmegjenvinning og minst mogleg behov for operatørpersonell ved normal drift. Anlegget må ha automatisk feilmeldingssystem som varslar ved stopp eller feil på sms.
Biologisk avfall som er aktuelt som råstoff er flis frå hage- og parkavfall, reint treverk, hestemøkk og slam. Fraksjonane vert avvatna eller tørka til tilfredstillande fuktnivå, og det er eit krav at varmen frå produksjonen skal kunne gjenvinnast.