Closing date has passed.
Det Norske Teatret skal ha ny Line-Array på hovudscenen for å kunne formidle lyddesign og lydkvalitet på det nivået som det i dag er forventa av ein musikal- og konsertscene. Hovudscenen har 750 sitteplassar i amfi og lengste avstand Line-Arrayet skal nå er 25 meter. Lydavdelinga sin ambisjon med dette innkjøpet er å erstatte og oppgradere riggen som heng i salen i dag med eit Line Array som vil levere eit lydtrykk på nivå med dei fleste konsertscenar samt gi eit jamt lydnivå og så jamn frekvenskurve som mogleg frå første til siste rad. Lydriggen må kunne formidle både vanleg teater, musikalar med komplekst lydbilde (opp til 150 kanalar før miks) samt vanleg konsertlyd.