Informasjon – eksamen i norsk, vår 2016

Informasjonen gjeld eksamen etter 10. trinn, vår 2016, eksamenskodar NOR0214 norsk hovudmål og NOR0215 norsk sidemål. Elevar som er fritekne frå vurdering i norsk sidemål (NOR1415), har same eksamenar og skriv på hovudmål på begge eksamensdagane.

Eksamensinformasjon

Førebuing: måndag 23. mai 2016, ein dag, frå kl. 09.00
Eksamen: tysdag 24. mai 2016 – NOR0214 hovudmål
onsdag 25. mai 2016 – NOR0215 sidemål
Eksamenstid: 5 klokketimar
Tema: Arven etter Ibsen - å setje problem under debatt

Førebuing

I førebuingstida kan du på desse nettsidene lese tekstar knytte til temaet Arven etter Ibsen – å setje problem under debatt. På ulike måtar har Ibsen sett spor etter seg. I førebuingsmateriellet kan du bli kjent med nokre av tekstane hans og tema som han var oppteken av. Tekstane i førebuingsmateriellet skal vere til inspirasjon og kunne brukast som kjelder på eksamensdagane. For å førebu deg til eksamensdagane kan du òg finne stoff andre stader.

Eksamensdagane

Eksamen har to delar, del A og del B. Du skal svare på både del A og del B. I del A er det tekstvedlegg som du må lese for å kunne svare på oppgåva eller oppgåvene. I del B er det fleire oppgåver, og du skal svare på ei av dei.

Hjelpemiddel

I førebuingstida er alle hjelpemiddel tillatne. Du kan bruke Internett og samarbeide med andre. Lærar skal rettleie, ikkje undervise i førebuingstida.

På eksamensdagane er alle hjelpemiddel tillatne – med unntak av omsetjingsprogram og nettbaserte hjelpemiddel som opnar for kommunikasjon med andre (dvs. samskriving, nettprat eller annan utveksling av informasjon).

Bruk av kjelder

Når du vel å bruke stoff frå ei eller fleire kjelder i tekstane dine, skal du oppgje kva for kjelder du har brukt. Du må oppgje kjeldene slik at lesarane kan finne fram til dei.

Praktiske opplysningar

Topptekst: fagkode og kandidatnummer
Botntekst: sidetal og talet på sider
Font, skriftstørrelse og linjeavstand: Standard for brødtekstar er skriftstørrelse 12 og linjeavstand 1,5. (Arial, Calibri og Times New Roman er lett leselege.)
Oppgåvenummer: skal skrivast inn i eksamenssvaret, f.eks. A1 og B3
Hugs å lagre ofte!

Dersom du skriv for hand: Bruk godkjende innføringsark og skriv inn same informasjon som er nemnt under punkta topptekst, botntekst og oppgåvenummer.

Vurdering

Svaret du skriv til eksamen, blir vurdert av to eksterne sensorar. Når sensor skal vurdere eksamenssvaret, skal ho eller han bruke eksamensrettleiinga med kjenneteikn på måloppnåing.

Eksamensrettleiinga